Kart til Ryphusan

Frå Ryinn ovafor Ryphusan til ‘Høgste punktet’.

Oppmøte kl 10.30 ved Ryin/ved Veslvonskaret. Turen tek ca 1,5–2 t kvar veg. 

  • Familievennleg vandring (kan gå med barnevogn)

  • Samling ved høgste punktet med felles salmesong og orientering om pilegrimsleia, historia og fjellområdet

  • Rast avhengig av veret, enten ved høgste punktet eller ved Ryphusan

  • Ta med matpakke/niste! 

Vi tar av frå E6 ved Driva og køyrer opp Vinstradalsvegen (bomveg) innover ca 15 km, forbi Ryphusan og opp til låst bom ved Ryinn der der er plass for parkering.

Herifrå går vi om lag 4 km etter veg opp til det høgste punktet på ruta, 1314 moh som er målet for turen. Her vart det reist ein markeringstolpe i 2016 ettersom dette og representerer det høgste punktet på heile Gudbrandsdalsleden. Herifrå er det ei flott utsikt over fjella ikring. Det blir orientert om toppane og fjellområdet, botanikken og noko av historia i dette området samtidig som vi tar ein matrast her.

Hugs nistepakke. Retur same vei. Turen tar i alt mellom 4 timar.

Frå markeringsstolpe ved høgste punkt på Gudbrandsdalsleden under avdukinga i 2016. Oppført av Pilegrimsfelleskapet St. Olav Oppdal. Odd Kjærem held innviingstale.

Oppmøte ved bommen i Veslvonskardet.