Viewing entries in
Vandring

Familievennleg pilegrimsvandring

Familievennleg pilegrimsvandring

Driva stasjon (map)

Driva stasjon – St. Mikaels kapell, ca 3 km ein veg med ulike stopp.

Laurdag 19. juli kl 10:00– ca 15:00

Påmelding til Ingrid Hegdal som vil leie turen; tlf 951 47 594.

(Det går og an å med «spontanoppmøte», men fint om dei fleste melder frå på førehand)

Frå E6: Ta opp Losråket ved Smegarden camping; oppmøte ved Driva stasjon (på V-sida av jernbanelinja), parkering på Ner-Lo (150 m N for Driva stasjon). Ivar Lauritzen vil gje ei kort orientering ved stasjonen, og Ivar Horvli fortel om gravfeltet og kyrkja på Lo.

Så går vi vidare forbi Smegarden camping, på bru over Vinstra til Plassastoggo. Her blir det ein god stopp der vi ser oss om i den gamle stova og har ei sosial samling ute med mat, prat og leik for ungane. Her er det fyra i bålpanne og servering av pølser i tillegg til matpakke som vi anbefaler at alle tar med seg.

Ferda går vidare opp til St. Mikaels kapell; det vakre og særeigne kapellet som drivdalingane har bygd. Her samlast vi inne med salmesong og gitarspel med Ingrid Hegdal og gode ord frå pilegrimsprest Ingrid Bolstad Kunzendorf. Etterpå går vi ned til Mali sitt galleri på Trenga der kunstnaren og familien møter oss for guiding i dei to etasjane med originale motiv av folk og natur. Her finn vi mangt eit motiv til glede og oppmuntring; mange av desse med ulike assosiasjonar til pilegrim, mellom anna verket «Peregrinus» som er laga særskild til denne utstillinga. Her er det og høve til å kjøpe forfriskingar og å slappe av inne eller ute for å nyte den storslåtte utsikta over Oppdalsbygda. Det blir og arrangert «work-shop» / måleverkstad for ungane der unge kunstnarar vil inspirere og rettleie. 

Så går vi attende til bilane der vi starta (eventuelt til bommen på Vinstradalsvegen om nokon har avtalt «kameratkøyring» attende til bilane ved Ner-Lo). For dei fleste vil den 3 km lange turen attende vere ei god oppleving i nedoverbakke og truleg sol og vind i ryggen med blikket mot den vakre Oppdalsbygda!

 

Salme 624:

Må din vei komme deg i møte, vinden alltid være bak din rygg,
Solens lys leke på ditt kinn, regnet falle vennlig mot din jord.
Og må Guds gode hånd verne om deg til vi møtes igjen.

 Påmelding til Ingrid Hegdal som vil leie turen; tlf 951 47 594.

(Det går og an å med «spontanoppmøte», men fint om dei fleste melder frå på førehand)

Arr: Pilegrimsfellesskapet St. Olav  Oppdal

Måleri: Mali Hoel