Opning 14. juli kl 18:00

Utstillinga varer frå 14. juli til 9. august.

Oppdal kulturhus, foajé.

 Utstillinga har tittelen «Vegen og målet» som og er motto for årets Pilegrimsdagar i Oppdal.

Kunstnaren Oscar Jansen, opprinneleg frå Haugesund, er busett med familie i Kristiansand der han har fast studio og galleri. Han arbeider som frilans illustratør for forlag og reklamebyråer, men eigne prosjekt og kunst har tatt mykje av tida etterkvart. Han har vore representert med separatutstillingar fleire stader i landet og er i tillegg illustratør for ulike forlag og reklamebyrå. Oscar Jansen målar hovudsakleg i olje med motiv av menneske og natur i ein impresjonistisk stil. Hans persongalleri har heilt unike utrykk som gjev inspirasjon til refleksjon.

Salsutstillinga blir ståande fram til og med søndag 9. august.

Oscar Jansen