• Oppdal kirke (map)
  • 35 Kjerkvegen
  • Trøndelag, 7340
  • Norge

50-årsjubilanten SKRUK under leiing av Per Oddvar Hildre framfører perler frå sitt repertoar. Dei har turnert i fullsette kyrkjer i jubileumsåret og startar pilegrimsreisa mot Olavsfest i Nidarosdomen med denne konserten i Oppdalskyrkja, Marit på Vang.

 

Bilettsal i kulturhuset og ved inngang.

Voksen: kr 390

Barn/ung under 18: kr 290

Familie: kr 500


 SKRUK har sitt 50 års jubileum i år, og har sidan 1973, funne og blitt funne av ulike musikalske aktørar i både inn- og utland. Koret ynskjer å formidle musikk av høg kvalitet, og bodskapen om nåde, fred og nestekjærleik står i sentrum. Dei musikalske møta SKRUK har hatt samlar eit mangfald av ulike sjangrar. SKRUK består av 50 songarar, dirigert av Per Oddvar Hildre sidan oppstart, og til dags dato. Koret er kjend for sin særeigne nordiske klang, som pedagogen Hildre har sett saman av sine handplukka stemmer.  

SKRUK gler seg stort til å besøke Oppdal, og vi vil presentere eit utval av ulike songar frå store delar av vår rikhaldige katalog. Koret har gitt ut over 30 plater, og vi gled oss til å servere ein konsert med alt frå vare salmar til høglytt gospel