• Oppdal kulturhus (map)
  • 2 Inge Krokanns veg
  • Trøndelag, 7340
  • Norge

Onsdag 19. juli, Oppdal kulturhus

Filmframsyning med refleksjonsamtale etterpå: «Sex, Revolution and Islam»

19.30: «Sex, Revolution and Islam»; film om Seyran Ates liv. Kinosalen i Oppdal kulturhus

21.00: «Flukt og fridom». Paneldiskusjon og refleksjonssamtale etter filmen i foajeen i kulturhuset.


Dette er ein film om Seyran Ates liv. Ho er opphaveleg frå Tyrkia, men har budd i Tyskland det meste av sitt liv og engasjerte seg tidleg mot det kvinneundertrykkande regimet i heimlandet. Ho utdanna seg som jurist og har gjennom ein lang yrkeskarriere arbeidd for ytringsfridom, menneskerettar og mot kvinneundertrykking.

Ho har grunnlagt ein islamsk moske i Berlin der kvinner og menn kunne vere saman, og der menneske med ulik tru var velkomne og har arbeidd internasjonalt i mange år med foredrag og dialogmøter for å fremme eit tolerant menneskesyn.

Ho har og vitja Noreg tidlegare, og i 2019 vart ho tildelt menneskerettsprisen frå Universitet i Oslo. I år gjennomfører ho ei pilegrimsvandring frå Oslo til Trondheim i eit organisert samarbeid med Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim. Under vandringa blir det arrangert ei rad møte med dialog kring ulike tema.

Her i Oppdal vil filmen bli synt i kinosalen i kulturhuset, og tema for refleksjonssamtalen etterpå er «Flukt og fridom». Det blir organisert eit panel som vil drøfte dette tema, og det blir opna for innspel frå forsamlinga i eit ope møte i foajeen i Oppdal kulturhus rett etter filmen. Flyktningar som har kome til Oppdal er representert i paneldebatten som blir leia av Ivar Flaten frå Dialogsenteret i Drammen. Det blir og servert kaffe/te og litt å bite i.


Arrangementet er GRATIS